Aktuelt frå kommunen

Påmeldinga til UKM

UKM 2012 i Oseana - Klikk for stort bilete

Det vert Ungdommens kulturmønstring for Os og Fusa i Oseana kunst- og kultursenter laurdag 2. februar. Det er opna for påmelding av deltakarar på www.ukm.no. Ny og utvida frist for påmelding er søndag 20. januar kl 23.55.

 

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 18.01.2013

 

Ungdommens kulturmønstring er for barn og ungdom i alderen 10-19 år. Mønstringa er open for alle tenkeleg kreative uttrykk. Du kan levera innslag til sceneprogrammet med alt frå dans, teater til musikk og song. Det vert ei eiga utstilling og det vert framsyning av film.

Fusingar som vil ha råd og hjelp i samband med påmelding kan ta kontakt med kulturleiar Erik Vangsnes eller rektor i kulturskulen Are Fløisand. De finn også naudsynt informasjon på www.ukm.no.

 

 

Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30