Aktuelt frå kommunen

Påmelding til UKM 2018

Even Lygre  (UKM, Hordaland) - Klikk for stort bilete

Påmeldingsfristen til UKM er søndag 28. januar kl 23.00. Påmeldinga skjer digitalt på ukm.no. Lokalmønstringa for unge lokale kulturkrefter er i Oseana kunst- og kultursenter laurdag 3. februar.

Den nasjonale kulturfestivalen for ungdom er sprell levande og inviterer alle unge mellom 13 til 20 år til fest!

Gjengen bak UKM i Os og Fusa ønskjer å få med alle kreative unge krefter i den nye Bjørnafjorden kommune til ei stormønstring av musikk og kultur. Har du eit eller anna du driv på med på fritida du kan visa fram for andre? Er det kreative tilng som skjer i skulekvardagen som kan løftast på ein scene, i ei utstilling eller på eit filmlerret? Då er er UKM rette staden å starta.

Påmeldingsfrist til lokalmønstringa er søndag 28. januar kl 23.00 og påmeldinga ordnar du sjølv digitalt på ukm.no.Sjølve arrangementet er helga etter påmeldingsfristen, i Oseana kunst- og kultursenter, laurdag 3. februar.

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 22.01.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30