Aktuelt frå kommunen

Påmelding til kulturskulen

Kristina frå Strandvik oppvekstsenter ved pianoet med kulturskulelærar Eleonora Melnik Larsen. - Klikk for stort bilete

Du kan no søkja plass i kulturskulen for skuleåret 2017/2018. Tilbodet som vert gjeve i Fusa finn du her på sida under Fusa kulturskule. Fagtilbodet vert det same som før og truleg kjem hardingfele tilbake på planen. Søknadsfrist er 1. april.

Noverande og tidlegare elevar

Dei som har søkt kulturskulane i Os og Fusa det siste året vil ha motteke ein e-post med informasjon om re-registrering. Dette gjeld både dei som har fått plass i kulturskulen og dei som står på venteliste. 

Dei som har vore elevar i kulturskulen tidlegare år er også registrerte brukarar i kulturskulen. Desse må logga seg på kulturskulen ved hjelp av brukarnamn og registrert e-post. Føresette er også registrerte som brukarar og kan no logga seg på og gjera endringar for dei barna dei er føresette til. Dersom noko er uklart, er det berre å ta kontakt med kulturskulen, så skal vi hjelpa.

Her finn de lenke til påmelding for allereie registrerte brukarar i kulturskulen:

 

Nye søkjarar

Dei som ikkje er registrerte i kulturskulen må bruka følgjande lenke for å melda seg på til kulturskuletilbod:
 

Nytt fag i Os

Nytt frå hausten 2017 i Os kulturskule er at ein startar tilbod innan visuelle fag. I første omgang planlegg ein kurs innan biletkunst og skulptur, men det endeleg faglege innhaldet vil vere klart når lærar for kurset  er tilsett. Sjå informasjon om det øvrige tilbodet i Os kulturskule.

Kulturskulen kan kontaktast på e-post: kulturskulen@os-ho.kommune.no eller på telefon 
56 57 52 48/49
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30