Aktuelt frå kommunen

Orientering om driftssituasjonen i Pleie og omsorg

Samtale i sansehagen. (Arkivfoto FBBS) - Klikk for stort bileteSamtale i sansehagen. (Arkivfoto FBBS) Driftssituasjonen i Pleie og omsorg (PLO) står på dagsordenen både hjå senior- og funksjonsrådet og formannskapet i neste veke. Behovet for pleie- og omsorgstenester har auka svært mykje frå årsskiftet. Samtidig er PLO i gang med å setja i verk pålagde innsparingstiltak. Rådmannen melder om ein svært utfordrande situasjon.

 

Både situasjonen innan PLO og dei økonomiske konsekvensane er svært utfordrande, melder rådmannen i saka som skal opp i rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne (PDF, 34 MB) (11. april), i formannskapet (PDF, 11 MB) (13. april) og i kommunestyret (27. april). 

Auka brukarbehov

Brukarbehov svingar frå år til år, og i løpet av året. Behovsauken i 2016 gjeld både institusjonsplassar og heimetenester. Iflg. saksutgreiinga er årsakene samansette, men i hovudsak knytte til demens (både auka og nydiagnostisert). Kapasiteten på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er sprengt: FBBS har fire pasientar på overbelegg til ei kvar tid. Dei har rett til nødvendig helsehjelp, utan at det er budsjettdekning for å yta denne hjelpa. Fusa kommune er òg i gang med ombygging på FBBS og reduksjon av rom totalt, som vedteke i budsjett og økonomiplan. 

Rådmannen peikar på at overbelegget har både økonomiske, faglege og praktiske konsekvensar: "Det store presset på sjukeheimsplassar gjer at presset på heimetenestene aukar, og vi må setja inn ekstra ressursar både på FBBS og i heimetenestene. Det er sett inn ekstra ressursar i heimesjukepleien 24 timar i døgnet; m.a. har omsorgsbustadene ved Eikhovdaheimen for tida kontinuerleg heildøgnsbemanning som følgje av mangel på institusjonsplassar. Vi har måtte betala sjukehus for utskrivingsklare pasientar tilsvarande ca 60 døgn totalt i januar og februar, og vi har betalt for ein institusjonsplass i ein nabokommune i januar. Konsekvensane for dei tilsette er auka arbeidspress. Vi registrerer ein auke i talet på klager frå brukarar/ pårørande." 

Økonomiske konsekvensar

Overforbruket var i januar på kr 390 000 og i februar ca kr 470 000 - til saman ca kr 860 000. Rådmannen understrekar at det er gjort mange grep for å vera best mogleg skodd til å handtera utfordringane, og at det ligg omfattande logistikkarbeid og innsats bak å halda overforbruket nede på det nivået det no er. "Det er heile tida ein balansekunst mellom brukarbehov, økonomiske ressursar, andre rammevilkår og omsynet til medarbeidarane," heiter det i saksutgreiinga.

Det vert vidare peika på at det ikkje er grunn til å tru at behovet vert vesentleg endra før sommaren, og at ein må rekna med eit overforbruk knytt til denne tenesteytinga på ca kr 270 000 pr. månad. Dersom situasjonen ikkje endrar seg, vil eining Pleie og omsorg ha eit overforbruk på kr 1,5 mill. i første tertial, og ca kr 2 mill. i første halvår. 

Krevjande

Det vert peika på at det er eit auka behov i alle avdelingar innafor PLO. "Dagsentera kan heller ikkje stengjast no i denne krevjande situasjonen, då det frå første dag ville ført til ytterleg auka behov for heimesjukepleie og institusjonsplassar. Vi kan ikkje peika på innsparingstiltak innafor eininga som både er handterlege og har stor verknad i denne situasjonen," heiter det i saksutgreiinga.

Rådmannen viser til at driftssituasjonen er krevjande òg for dei andre kommunale einingane: "Vi ser difor ikkje no korleis vi kan finna dekning ved å redusera rammene i andre einingar. Dette må vurderast løpande og særleg grundig i samband med tertialrapporten". 

Rådmannen bed kommunestyret om å ta saka til etterretning.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 07.04.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30