Datakrasj
"Vi har fått fleire meldingar om feil i informasjon som har gått ut til elevane i Fusa kulturskule. Elevar som har fått melding om opptak, har ikkje fått melding om skulestart. Det er òg gitt melding om oppstart til elevar som har slutta," opplyser einingsleiar for Samfunnsutvikling, økonomi og service Terje Raunsgard.
Han forklarer at Fusa kommune brukar eit eige dataprogram for å halda orden på søknadar og melding om opptak m.m. Dette programmet har hatt ein krasj, slik at det ser ut til å henta informasjon i feil database. Dette er årsaka til at det kjem ut feil elevlister.
Send feilmelding!
Einingsleiaren oppmodar dei som har fått feil informasjon, om å melda frå om dette via e-post til postkasse@fusa.kommune.no.
Ny informasjon kjem
"Fusa kommune er lei for at denne feilen har skjedd, og at dette har skapt forvirring for både elevar og føresette. Vi set alt inn på å retta opp i dette, og vil koma tilbake med ny informasjon så snart vi kan," lovar Raunsgard.