Aktuelt frå kommunen

Oppmålingssamarbeid med Høgskolen i Bergen

Oppmålingsingeniør Siri Clausen i arbeid på eit svaberg i Fusa. - Klikk for stort bileteOppmålingsingeniør Siri Clausen i arbeid på eit svaberg i Fusa. Arild Knutsen I haust skal studentar og lærarar frå ingeniørutdanninga ved Høgskolen i Bergen (HIB) til Fusa for å fullføra mellombelse kartforretningar for kommunen i Revsfjøra og på Kletten. Grunneigarar og andre involverte vil få innkalling til forretningane med det første.

Avsluttar saker

Fusa kommune har inngått eit samarbeid med Høgskulen i Bergen, avd. for Ingeniørutdanning. Dette samarbeidet inneber at studentar frå Landmåling og Eigedomsdesign skal avslutta ein del gamle oppmålingssaker for Fusa kommune.

Kletten og Revsfjøra

Kartforretningar og målearbeid vil bli utført på Kletten og i Revsfjøra i løpet av hausten, opplyser oppmålingsingeniør i Fusa kommune Siri Clausen. Det vert både ytre grenseoppgangar og mellom eigedommane. Innkallingar til kartforretningane vert snart sende ut.

Fusa kommune ser fram mot eit lærerikt samarbeid, seier Clausen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30