Aktuelt frå kommunen

Opningstider sommaren 2017

Sommarblomar 3 - Klikk for stort bilete

Frå 1. juli til 13. august er det redusert opningstid i Kommunetunet. Det er ope måndag-fredag kl 09.00-14.30. Biblioteket er ope tysdag-torsdag i same tidsrom. Fusa kommune ønskjer god sommar!

Opningstider i Kommunetunet

I perioden f.o.m 1. juli t.o.m. 13. august 2017 er opningstida i Kommunetunet måndag-fredag kl 09.00-14.30.

Utanom denne tida kan du nå dei tilsette via e-post, internnummer og evt. mobiltelefon. Sjå oversikt over tilsette her på heimesida.

Avtal tid for møte

Vi vil gjerne gje deg best mogleg service og har difor nokre råd:

  • For generell informasjon eller kontakt om ei konkret sak: Ring og avtal tid for evt. møte.
  • Dersom sakshandsamar ikkje er til stades, kan du leggja igjen beskjed i ekspedisjonen - telefon 56 58 01 00 eller senda ein e-post til post@fusa.kommune.no.

Fusa folkebibliotek

Opningstida i biblioteket i sommar vert f.o.m 1. juli t.o.m. 13. august tysdag-torsdag kl 10.00-14.30. Det er ikkje laurdagsope i denne perioden. 

Du kan òg låna og levera inn bøker i opningstida til Kommunetunet ved bruk av utlånsautomat. Ta kontakt i opningstida til biblioteket dersom du treng nytt lånekort for å bruka automaten.

Velkomen til eit sommarbesøk i biblioteket!

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 30.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30