Aktuelt frå kommunen

Opningstider sommaren 2015

Kommunetunet i Fusa - Klikk for stort bileteKommunetunet i Fusa Erik Vangsnes

Frå 20. juni til 7. august er det redusert opningstid i Kommunetunet. Måndag-fredag kl 09.00-14.30. Biblioteket er ope til 17. august: tysdag, onsdag, torsdag kl 10.00-14.30. Laurdagar stengt.

Opningstider i Kommunetunet

I perioden f.o.m 22. juni t.o.m. 7. august 2015 er opningstida i Kommunetunet: måndag - fredag: kl 09.00 - 14.30.

Utanom denne tida kan du nå oss via e-post, internnummer og evt. mobiltelefon; sjå heimesida vår www.fusa.kommune.no

Avtal tid for møter

Vi vil gjerne gje deg best mogeleg service og har difor nokre råd:
For generell informasjon eller kontakt om ei konkret sak; ring og avtal tid for evt. møte. Dersom sakshandsamar ikkje er tilstades, kan du leggja igjen beskjed i ekspedisjonen telefon 56580100 eller senda ein epost til postkasse@fusa.kommune.no.

Fusa folkebibliotek

Opningstida i sommar f.o.m  22. juni t.o.m. 17. august er kl 10.00 - 14.30 tysdag, onsdag, torsdag. Velkomen til eit sommarbesøk i biblioteket!

Du kan også låna og levera inn bøker i opningstida til Kommunetunet ved bruk av utlånsautomat. Ta kontakt i opningstida til biblioteket om du treng nytt lånekort for å bruka automaten.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 29.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30