Aktuelt frå kommunen

Opningstider i Kommunetunet i sommar

Sommarblomar 2 - Klikk for stort bilete

Frå 2. juli til 10. august er det redusert opningstid i Kommunetunet. Det er ope måndag-fredag kl 09.00-14.30. Fusa kommune ønskjer alle ein god sommar!

I juli fører ferieavvikling til mindre bemanning og service. I perioden f.o.m 2. juli t.o.m. 10. august 2018 er opningstida i Kommunetunet måndag-fredag kl 09.00-14.30.

Utanom denne tida kan du nå dei tilsette som ikkje har ferie, via e-post, internnummer og evt. mobiltelefon. Sjå oversikt over tilsette her på heimesida.

Avtal tid for møte

Vi vil gjerne gje deg best mogleg service og har difor nokre råd:

  • For generell informasjon eller kontakt om ei konkret sak: Ring og avtal tid for evt. møte.
  • Dersom sakshandsamar ikkje er til stades, kan du leggja igjen beskjed i ekspedisjonen - telefon 56 58 01 00 eller senda ein e-post til post@fusa.kommune.no. Sakshandsamar vil då kontakta deg.
  • Du finn òg svar på ein heil del ofte stilte spørsmål på heimesida. (Tema i alfabetisk rekkefølgje)
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 06.07.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30