Aktuelt frå kommunen
Opning av ny gang- og sykkelveg fram til Nore Fusa oppvekstsenter | Fotograf: Nore Fusa skule
Elevane ved Nore Fusa oppvekstsenter kan gleda seg over ny gang- og sykkelveg fram til skulen. fotograf Nore Fusa skule

Opning av veg og gang- og sykkelveg på Holmefjord

Måndag 7. mai var det høgtidleg opning av ny gang- og sykkelveg frå Holmefjord sentrum fram til Nore Fusa oppvekstsenter. Vegen forbi skuleområdet i retning Samnøy er også utbetra og ferdigstilt.

Endeleg kunne flagget gå til topps for opninga av den nye gang- og sykkelvegen frå Holmefjord sentrum til skulen. Den har stått halvferdig lenge, men frå 1. mai har elevane kunna gå og sykla trygt til og frå skulen i den retninga.

Under markeringa måndag var prosjektleiar Svein Rosseland frå Vegvesenet den som stod for opninga. Frå Vegvesenet stilte også John Malvin Tveit. Representantar frå entreprenøren H. Ådland AS og administrasjonen i Fusa kommune var også til stades.

FAU-leiar Lin Cathrin Anthun, elevar og lærarar ved skulen og 5-årsklubben frå barnehagen med fagleiar Bente Ådland var med på opninga.

Vegvesenet betalte for serveringa i gymnastikksalen etterpå; flotte selskapskaker, den eine med trafikkmotiv, bollar, brus og kaffi. Dei unte oss dette for dei ulemper skulen har hatt i anleggsperioden, seier einingsleiar Torill Os Ådland.


Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 09.05.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30