Program
Den lange ventetida er over. Søndag kan fusingane innta Fjorden arena. Det blir offisielt program frå kl. 12.00 til 13.00 med musikk av Eikelandsosen skulemusikklag, formell opning ved ordførar Atle Kvåle og oppvisningar. Fusa idrettsråd deler ut idrettsstipend og ærespris. Det blir demonstrert både karate og turn. Seinare på dagen frå kl. 14.30 blir det volleyball.
Du kan sjå deg om på heile det flotte idrettsanlegget og møta mange av dei lokale idrettslaga. Det blir også mogleg for publikum å prøva seg på aktivitetar, m.a. i den imponerande klatrehallen.
Kafé
I foajeen blir det kafé med sal av mat og drikke. Hugs kontantar.
Om du ikkje kan vera med frå starten, er det opne dører heilt fram til kl 17.00.
Fotballturnering
På fotballanlegget ute vil det i løpet av dagen vera ei turnering for barn, så det vert garantert mykje folk både inne og ute på denne festdagen for idretten i Fusa.