Aktuelt frå kommunen

Open dag på brannstasjonen

Arkivfoto: Brannsjefen Gunnar Hatlelid viser fram brannbilen til potensielle små brannfolk.  - Klikk for stort bileteArkivfoto: Brannsjefen Gunnar Hatlelid viser fram brannbilen til potensielle små brannfolk.

Kvart år i september markerer brann- og redningstenesta over heile landet brannvernveka. Også i år ønskjer Fusa Brann og redning barn og vaksne velkommen til open brannstasjon i Eikelandsosen. Tidspunktet er laurdag 19. september kl 11-14.  

Tørrkoking - Klikk for stort bileteTørrkoking

Korleis sikra heimen?

Brannsjef Gunnar Hatlelid lovar alle som kjem, informasjon om korleis ein kan sikra heimen mot brann.

"Me oppmodar samstundes om å delta på «Nasjonal brannøving» ved å gjennomføra brannøving heime og på jobb," seier brannsjefen.

 

Aktivitetar og brannbil

Det vil også verta høve til å delta på ei enkel kunnskapsløype for heile familien, med diplom til alle deltakarane. Kanskje kan det verta ein tur med brannbilen òg? I tillegg lovar brannsjefen at det vert delt ut brannhjelm til barna. 

Samarbeidsprosjekt

Open brannstasjon er eit arrangement i brannvernveka, som er ein informasjonskampanje arrangert kvar haust av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og If Skadeforsikring. Fusa brann og redningsteneste står for gjennomføringa lokalt.

Snarveg:

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30