Aktuelt frå kommunen

Open dag på brannstasjonen 22. september

(Arkivfoto) - Klikk for stort bilete(Arkivfoto)

Også i år ønskjer Fusa Brann og redning barn og vaksne velkommen til open brannstasjon i Eikelandsosen. Tidspunktet er laurdag 22. september kl 11-14.

Samarbeidsprosjekt

Open brannstasjon er eit arrangement i brannvernveka, som er ein informasjonskampanje arrangert kvar haust av Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og If Skadeforsikring. Brannvernveka vert markert over heile landet. Fusa Brann og redning står for gjennomføringa lokalt.

Brannsjef Gunnar Hatlelid fortel at barna skal få prøva seg på litt aktivitetar på brannstasjonen. Han oppmodar elles alle om å delta på «Nasjonal brannøving» ved å gjennomføra brannøving både heime og på jobb.

Takk til innbyggjarane

Brannsjefen nyttar samtidig høvet til å takka innbyggjarane i Fusa for godt samarbeid gjennom tørkesommaren 2018. Innbyggjarane har respektert oppmodingar og forbod knytt til grilling og bruk av open eld. Publikum har òg vore flinke til å ringja med ein gong, når dei har oppdaga røyk. Dermed har vi unngått brannar i Fusa.

Snarveg:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30