Aktuelt frå kommunen

Ope møte om "Ungdom, fritid og rus"

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete Torsdag 29. september kl 18.00 er det ope møte om ungdom, fritid og rus i gymnastikksalen på Fusa ungdomsskule. På dagsorden står både informasjon og gruppearbeid, om Ungdomsundersøkinga i Fusa 2016 og om rusfrie arrangement for ungdom.

Arrangør er arbeidsgruppa som arbeider med å rullera Fusa kommune sin ruspolitiske handlingsplan. Både unge og vaksne er velkommen.

Program

  • Ungdomsundersøkinga 2016 - Informasjon og gjennomgang av nye funn og tendensar. Sjå artikkel om undersøkinga.
  • Rusfrie arrangement - Vinnesfestivalen og Fusa ungdomsskule fortel om sine erfaringar
  • Retningsliner for rusfrie arrangement - Fusa ungdomsråd presenterer retningsliner dei har utarbeidd. 
  • Gruppearbeid på tema: Kva kan ein gjera for å få betre og fleire rusfrie arrangement? Korleis få fleire møtestader og eit breiare fritidstilbod for ungdom både til kvardag og fest, og i rusfrie trygge former?

Ruspolitisk handlingsplan

Kommunestyret skal i desember vedta ny ruspolitisk handlingsplan for perioden til og med 2020.

Sjå meir informasjon:

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.09.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30