Aktuelt frå kommunen

Ope hus med "samanknyting" av Asvo i Fusa og Os

Os-ordførar Terje Søviknes og Fusa-rådmann Nils-Petter Borge knytte saman Asvo Fusa og Os, med god hjelp av to tilsette, Frode (t.v.) og Liv-Mette.  - Klikk for stort bileteOs-ordførar Terje Søviknes og Fusa-rådmann Nils-Petter Borge knytte saman Asvo Fusa og Os, med god hjelp av to tilsette, Frode (t.v.) og Liv-Mette. Terje Raunsgard

Asvo Fusa og Os Asvo slår seg saman. Det vart markert med ope hus og offisiell "samanknyting" fredag 8. mars i Os Asvo sine lokale i Industrivegen 96 på Os. Sjå fleire foto frå markeringa på "Midtsiden". 

Kva er Asvo?

Asvo står for "arbeidssamvirke i offentleg sektor". Føremålet til Asvo Fusa AS er å skapa varige arbeidsplassar for yrkeshemma som treng særleg tilrettelegging av arbeidssituasjonen, utanfor den ordinære arbeidsmarknaden. Asvo Fusa AS er ein godkjend tiltaksarrangør for NAV og tilbyr varig tilrettelagt arbeid (VTA). Bedrifta har som mål å vera ein god arbeidsplass, der arbeidstakaren får bruka og utvikla ressursane sine.

Asvo Fusa AS vart etablert i 1991. Verksemda har lokale på industriområdet på Heiane i Eikelandsosen. 

Trevareprodukt og parkarbeid

I tillegg skal verksemda vera ein kvalitetsleverandør av varer og tenester. Asvo Fusa AS har lang tradisjon for, og høg kompetanse innan trevareproduksjon. Verksemda har ein moderne maskinpark og har satsa på produktutvikling og nyskaping. Dei lagar m.a. emballasje, fyringsbrikettar og hus til varmepumper, i tillegg til delar til andre verksemder (underleverandør).

Dei utfører òg mekanisk monteringsarbeid og stell av grøntanlegg.  

Asvo-samanslåing og ope hus

Asvo-bedriftene i Fusa og Os er kommunalt eigde. Dei "tjuvstartar" kommunesamanslåinga og går saman alt no. Dette markerer dei fredag 8. mars med ope hus i Industrivegen 96 på Os, og med ordførarbesøk på den offisielle opninga klokka 12.30.

Asvogjengen i Os og Fusa ønskjer velkommen til ope hus, der dei presenterer seg og det dei kan tilby. I tillegg lovar dei lett servering: Pølser, kaffi og brus. 

Os-ordførar Terje Søviknes og Fusa-rådmann Nils-Petter Borge knytte saman Asvo Fusa og Os, med god hjelp av to tilsette, Frode (t.v.) og Liv-Mette. | Fotograf: Terje Raunsgard Plakat Mykje folk var med på open dag og feiring av "samanknytinga" av Fusa og Os Asvo. | Fotograf: Terje Raunsgard
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 11.03.2019
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30