Aktuelt frå kommunen

Opa kyrkje søndag

Strandvik kyrkje - Klikk for stort bileteStrandvik kyrkje EMBV

 

Mange har vore innom Strandvik kyrkje for å samlast, tenna lys og skriva seg inn i kondolanseprotokollen etter den tragiske trafikkulukka sist helg. Det vert opa kyrkje i Strandvik også søndag 3. februar kl 16-18.

Kriseteam

Dei pårørande vert følgde opp av kommunen sitt psykososiale kriseteam. Kriseteamet har representantar frå både legetenesta, lensmannsetaten og kyrkja, psykiatritenesta, barnevernet, helsesøster og PPT-psykolog.

 

Vidare informasjon

Spørsmål om kommunen si oppfølging skal rettast til leiar i kommunal kriseleiing (KKL) rådmann Berit Fløisand - tlf 56 58 01 00.

Spørsmål om ulukka og ulukkesstaden må som før rettast til lensmann Lorentz Lunde - tlf 56 58 20 00.

Spørsmål om gravferda må rettast til Fusa kyrkjekontor - tlf 56 58 01 81.

 

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 02.02.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30