Aktuelt frå kommunen

Opa kyrkje i Strandvik i dag

Strandvik kyrkje - Klikk for stort bileteStrandvik kyrkje EMBV Den alvorlege trafikkulukka i Fusa i går, der to menneske omkom, ramma ein familie frå Strandvik svært hardt.

 

Ulukka berører heile fusasamfunnet. I dag tidleg har det vore samlingar på skulane til dei tre barna: Strandvik oppvekstsenter, Fusa ungdomsskule og Fusa vidaregåande skule.

Det er opa kyrkje i Strandvik frå klokka 12 og utover dagen måndag 28. januar.

Oppfølging av fagfolk

Det som har hovudfokus i dag er fagleg oppfølging av ramma og pårørande gjennom kommunen sitt psykososiale kriseteam – det vil seia kommunen sine fagfolk, lensmann og prest. Vi ber om forståring for at dei må få arbeidsro.

 

Vidare informasjon

Alle spørsmål vedrørande ulukka må rettast til lensmann Lorentz Lunde (56 58 20 00). Det er politiet som etterforskar ulukka vidare.

Ordførar Hans Vindenes og rådmann Berit Fløisand, som er leiar i kommunal kriseleiing (KKL) uttalar seg på vegner av Fusa kommune.

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 28.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30