Aktuelt frå kommunen

Ønskjer kontakt med kloke bjørnafjordingar

Prosjektgruppe - Klikk for stort bilete

Vil du vera med på å merkevarebyggja den nye kommunen? Send ein e-post til bjornafjorden@oktan.no slik at vi kan komma i kontakt med deg. Vi gler oss til å høyra frå deg!
 

 Utnemning av prosjektgruppe i løpet av veke 37

Representantar frå Bjørnafjorden kommune og Oktan Bergen har nyleg hatt oppstartsmøte i prosjektet "Profil og identitet i Bjørnafjorden kommune". Oktan har fått oppdraget med å utarbeida m.a. visjon, verdigrunnlag og «slagord» for Bjørnafjorden kommune. Selskapet skal også laga ein grafisk profil.

 
Oktan skal i løpet av dei komande vekene læra nye Bjørnafjorden kommune å kjenna.
 
I løpet av veka vert det sett ned ei prosjektgruppa som skal hjelpa Oktan med å få innsikt. Då kan det vera at osingar og fusingar får ein telefon frå ein av ordførarane med spørsmål om å vera med.
 
 
Vil intervjua eit breitt spekter av bjørnafjordingar
For å få eit godt innblikk i den nye kommunen, ønskjer Oktan og prosjektgruppa deretter å intervjua opp mot hundre innbyggjarar i Os og Fusa.
 
Det er ønskjeleg å komma i kontakt med eit så breitt spekter av innbyggjarane som mogleg. Om du er ung eller gamal, jobbar i det private næringsliv eller i det offentlege, er heilt fersk innbyggar eller har budd her heile livet, er mellom to jobbar eller driv for deg sjølv, spelar inga rolle. Vi vil snakka med deg, seier Rygg. 
 
 
Info til deg som ønskjer å bli intervjua
Ønskjer du å bli intervjua, sender du ein e-post til bjornafjorden@oktan.no og melder deg.
 
Dersom riktig mange melder seg, så kan det vera at gruppa ikkje rekk over alle. Målet er imidlertid å få ei så brei innsikt i kva verdiar og haldningar bjørnafjordingen står for som mogleg. Vi vil jo at dette skal bli ei merkevare som folk kan kjenna seg att i, avsluttar prosjektleiaren. 
 
 
Kontaktpersonar for prosjektet
  • Therese Rygg, prosjektleiar Oktan Bergen, therese.rygg@oktan.no, tlf. 996 20 82
  • Daniel Skotheim, næringssjef Os kommune, dask@os-ho.kommune.no, tlf. 984 01 400
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 10.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30