Aktuelt frå kommunen

Områdeplan Eikelandsosen - planprogrammet er vedteke

Plangrensekart inkludert alle gjeldande detaljreguleringar i planområdet.  - Klikk for stort biletePlangrensekart inkludert alle gjeldande detaljreguleringar i planområdet.

Kommunestyret har vedteke planprogrammet til områdeplanen for Eikelandsosen. Planområdet er 2,7 kmstort. Målet er ferdig plan våren 2019.

Mange høyringsinnspel

Planprogrammet var på høyring i januar-februar 2018. Det kom inn 30 innspel i høyringsperioden, og det vart arrangert folkemøte med godt oppmøte. Innspela som kom inn er gode og konstruktive og har bidratt til å gjera planprogrammet som no ligg føre, betre. Innspela gjev òg i stor grad inntrykk av at fokusområda i planprogrammet har god forankring i bygda.

Kva skal planen ta for seg?

Planområdet er om lag 2,7 km2 stort og omfattar areal på land og i sjø. Områdeplanen skal avklara overordna arealbruk, behov og utvikling fram mot 2040.

Bakgrunnen for å starta dette planarbeidet er behovet for avklaringar rundt sentrumsutvikling, bustadbehov, trafikksikring og offentlege grøntområde.

Når skal planen vera ferdig?

Framdriftsplanen siktar mot høyring av sjølve områdeplanen hausten 2018, og endeleg vedtak våren 2019.

Sjå dokument i saka:

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.04.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30