Aktuelt frå kommunen

Ombygging av FBBS

 Fusa bu- og behandlingssenter sett frå lufta - Klikk for stort bilete

19.februar startar byggetrinn tre av ombygginga på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). Store delar av rehabiliteringsavdelinga skal byggjast om. Romma og bada skal verta større og betre tilrettelagde. Kjøkken, fellesareal og uteområde vert samtidig oppgradert. Arbeidet er planlagt å vera ferdig i juni 2018. 

Areala på rehabiliteringsavdelinga som skal byggjast om, kan ikkje nyttast av bebuarar i byggeperioden. Det vert såleis færre plassar medan ombygginga pågår. 

 
Konsekvensar for bebuarar på rehabiliteringsavdelinga
Pasientar som for tida har opphald på avdelinga, vil i byggeperioden flytta til anna areal. Pasientar som mellombels må flytta, får eiga orientering om det. Vi må dessverre rekna med noko støy knytt til byggearbeida.
 
Konsekvensar for heimebuande
Alle har rett til å få naudsynt helsehjelp. Sidan vi får færre institusjonsplassar, vert det vanskelegare å få korttidsopphald medan ombygginga pågår. Fleire vil måtte få den hjelpa dei treng i heimen sin eller i omsorgsbustad. 
 
Vi beklagar ulempene ombygginga medfører!
 
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Tenestekontoret  på T. 5658 0170!
Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 06.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30