Aktuelt frå kommunen

Ombygging av FBBS

  Fusa bu- og behandlingssenter sett frå lufta - Klikk for stort bilete 1.februar startar byggetrinn to av ombygging på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). Heile langtidsavdelinga skal byggjast om og utvidast, slik at dei 12 romma og bada vert større og betre tilrettelagde. Bygginga er venta å vera ferdigstilt i juni 2017. Areala som skal byggjast om, kan ikkje nyttast av bebuarar i byggeperioden. Det vert såleis færre plassar og mindre kapasitet medan ombygginga pågår. 

 

Konsekvensar for bebuarar på langtidsavdelinga

Bebuarar som har langtidsopphald på avdelinga, vil i byggeperioden flytta over i dei areala som vanlegvis vert nytta til korttidsopphald. Bebuarar som mellombels må flytta, får eiga orientering om det.

Vi må dessverre rekna med noko støy knytt til byggearbeida.

Konsekvensar for heimebuande

Alle har rett til å få naudsynt helsehjelp. Sidan vi får færre institusjonsplassar for ei tid, vert det vanskelegare å få korttidsopphald medan ombygginga pågår. Fleire vil måtte få den hjelpa dei treng i heimen sin eller i omsorgsbustad. 

 

Vi beklagar ulempene ombygginga medfører!

Tenestekontoret kan kontaktast på T. 5658 0170 dersom du har spørsmål.

Publisert av Anne-Lise Aaseng. Sist endra 31.01.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30