Aktuelt frå kommunen

Om oselvaren i Torsdagsakademiet

Sykkel og folk i færing (LHA Fusa) - Klikk for stort bilete

Torsdag 23. mars er Kjell Magnus Økland gjest i Torsdagsakademiet med foredrag om oselvaren. Som vanleg er det program frå kl 19.00. Inngang kr 100,- og enkel servering.

 
 

Hausten 2016 kom tysnesingen Kjell Magnus Økland ut med praktboka «Oselvar – den levande båten». Boka er den første samla framstillinga som rommar dei mange spennande sidene ved båttypen. Her finn du eit rikt teknisk og historisk materiale, og mykje av dette er ikkje tidlegare publisert.

Oselvaren har vore viktig for folk i Fusa både som bruksbåt til fiske og transport og som tradisjonshandverk. Fleire stader i Fusa gjorde dei færingar, som vi dag kjenner som oselvarbåten. Oselvaren er eit kulturelt felleseige for bygdene kring Bjørnafjorden, og vidare ut i landet ettersom den også er kåra til Noreg sin nasjonalbåt!

Nyleg gjekk Økland inn i stillinga som dagleg leiar for Kystsogevekene i Hordaland. Torsdagsakademiet held hus i lokala til biblioteket i Kommunetunet, Eikelandsosen. Arrangør er Fusa folkebibliotek.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.03.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30