Aktuelt frå kommunen

Om klyngjetun i Torsdagsakademiet

Eva Røyrane - Klikk for stort bilete

Torsdagsakademiet i Fusa folkebibliotek startar opp torsdag 13. september kl 19.00. Gjest denne kvelden er Eva Røyrane som kjem med ny bok med tema norske klyngjetun. 4. oktober vert det eit populært gjensyn med rockepoet Tom Roger Aadland. 1. november er temaet flysleppa i Fusa under 2. verdskrigen med Per Helge Martinsen og 22. november blir det ein bokkveld med nye lokale utgjevingar.

Eva Røyrane har bakgrunn som journalist og var i mange år tilsett i Bergens Tidende. Ho er busett i Bergen, men er opphavleg frå Ølve i Kvinnherad. I seinare år har ho kome med fleire flotte bøker med kulturhistoriske tema som har gleda mange lesarar; «Norges låver» og «Av stein». Denne hausten kjem  praktboka om norske klyngjetun.

Fusa er med

Frå gammalt av busetnaden på gardar med fleire gardsbruk samla i eit tun mest som ein liten landsby. Ved reformer i landbruket med utskifting av landbruksjord vart desse fellestuna delt opp og folk flytta ut med husa sine i det kulturlandskapet som er dominerande i dag. Framleis ligg det døme att på den gamle tunorganiseringa som t.d. Agatunet i Ullensvang. I den nye boka til Røyrane skal Fusa vera representert med bilete av Eidegrend klyngjetun i Hålandsdalen.

Gjensyn med Aadland

4. oktober kjem Tom Roger Aadland attende til Fusa. Aadland har gjort stor suksess dei siste åra både med sine nynorske omsetjingar av Bob Dylan sine klassikarar og med eigne låtar som har fått eit stort publikum. 

Flysleppa under lupa

1. november kjem lokalhistorikar Per Helge Martinsen med nye detaljar om flysleppa i Hålandsdalsfjella under 2. verdskrigen. Martinsen har dei siste åra kome med fleire bøker om 2. verdskrig og han har no gjort eit djupdykk i historia om dei allierte flysleppa i siste del av krigen. Han kjem stadig fram med nye spennande detaljar og kan setja desse lokale hendingane inn i ein større samanheng.

Lokale bøker

22. november blir det smakebitar frå den lokale bokhausten. Ingvar Nistad kjem med nye dikt og fagbokforfattar Ella Marie Brekke Vangsnes har kome med bok om Eide fjordbruk. Truleg vert det fleire gjester.

Det vert arbeida med eit 4. program som kjem månadsskiftet oktober/november. I Torsdagsakademiet er det alltid enkel servering og den første kvelden er det inngang kr 100,-. Arrangementa er i folkebiblioteket sine lokale i Kommunetunet på Leiro i Eikelandsosen. Arrangør er Fusa folkebibliotek.


 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 07.09.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30