Aktuelt frå kommunen

Om Kinck i Torsdagsakademiet

Utsnitt av plakat i høve jubileet - Klikk for stort bilete

I år er det 150 år sidan forfattaren Hans E. Kinck kom til verda. Torsdag 15. oktober kjem Johan Storm Munch til Torsdagsakademiet for å fortelja om mannen og kunstnaren Kinck.

 

Kinck-jubileet har vore markert på ulikt vis gjennom året, og jubileet har kanskje særleg vore synleg i Kvam, der Hans E. Kinck hadde mykje av oppveksten. 15. oktober markerer vi Kinck-jubileet på Torsdagsakademiet i Fusa folkebibliotek i Kommunetunet i Eikelandsosen.

Son av distriktslege

Hans E. Kinck var son av distriktslege Theodor Kinck (1832-1903) som hadde teneste i Ytre Hardanger i 25 år. Sonen Hans vart fødd i Øksfjord i Finnmark, familien budde også ei tid i Setesdal før Hans som 11-åring kom til Strandebarm. Oppveksten i tre ulike landsdelar skulle få mykje å seia for forfattarskapet.

Stor novellist

Portrett av Hans E. Kinck måla av Harald Brun (Harald Brun) - Klikk for stort bilete Hans E. Kinck kom med sin første roman i 1892, men det er særleg som novellist han vert hugsa av ettertida. Novellesamlinga «Flaggermusvinger» frå 1895 representerte noko heilt nytt i norsk dikting, og som novellediktar er han mellom dei største i Norden. Siste samlinga «Foraaret i Mikropolis» kom ut i 1926 etter at han var død. Den kanskje mest kjende og folkekjære novella for oss vestlendingar er «Den nye kappelanen».

Mangfaldig produksjon

Hans E. Kinck hadde i tillegg ein stor produksjon av både skodespel, dikt, romanar og artiklar. Han var ein av dei store i samtida, og var m.a. nominert til nobelprisen i litteratur. Han har vorte mykje godt gløymt av ettertida og ein kan vona at jubileumsåret vil hjelpa verket og mannen fram i lyset att.

Munck bak Kinck-dagar

Johan Storm Munch frå Kinck-tunet på Tangerås i Strandebarm, eig i dag tunet der distriktslege Theodor Kinck hadde sin praksis. Han vil kåsera om forfattaren og lesa smakebitar frå bøkene. Johan Storm Munch er primus motor bak Kinck-dagane i Strandebarm som vert skipa til i juni kvart år med eit stort og variert kulturprogram.

Meir i vente

«Om Hans E. Kinck» er første program i Fusa folkebibliotek sin haustplan for Torsdagakademiet. Dei neste datoane vert:

  • 29. oktober med omsetjar Linda Kjosaas
  • 19. november med visesongar Tom Roger Aadland
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 12.10.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30