Aktuelt frå kommunen

Om bunader i Torsdagsakademiet

Bringeduk - Klikk for stort bilete

Torsdag 22. februar kl 19.00 er det tid for nytt Torsdagsakademi i Fusa folkebibliotek. Vi held oss i nærområdet og fokuserer på bringedukar i Hordaland med kåseri av Olli Lilletvedt

 
 
 

Bringedukane er ein viktig del av bunaden mange har eit forhold til. Olli Lilletvedt frå Fana har studert teknikkar og symbol på bringedukar i Hordaland i lang tid og har mykje på hjarta!

På grunnlag av denne kunnskapen sto ho bak ei utstilling på Hordamuseet i 2013. Her i Fusa skal ho dela sin kunnskapar og ta oss med på ein biletreise gjennom bringedukane si fargerike verd.  
 
Gjennom både bilete, foto og fysiske eksempel visar ho oss forskjellige stilar og fortel om bakgrunnen for og symbolikken i mønstra.  Arrangementet er eit samarbeid med Fusa husflidslag. Det er inngang kr 100,- og enkel servering i biblioteket sine lokale i Kommunetunet, Eikelandsosen.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 16.02.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30