Aktuelt frå kommunen

Offentleg høyring for nye vegnamn

Namneskilt for Fusavegen - Klikk for stort bilete

Rådmannen i Fusa har lagt ut til offentleg høyring framlegg til vegnamn for Hålandsdalen, søre del av Fusa og for eit hytteområde på Ådland. Høyringsfrist er 4. mai.

 Fusa kommune legg med heimel i Lov om stadnamn § 6 ut til høyring framlegg til vegnamn i adresseringa av desse områda:

Deler av Eikelandsosen - langsmed fv 49 frå bru over Koldalselva til Hålandsdal
Holdhus skulekrins
Søre Fusa skulekrins
Hytteområde på Ådland
 
Sjå Høyringsbrev (PDF, 262 kB) datert 20.03 2015. Namneforslaga går fram av Plan for vegnamn - delprosjekt 3 (PDF, 335 kB)

Parsellane som namna gjeld er kartfeste, sjå vedlegg:
Eikelandsosen-Hålandsdalen (PDF, 2 MB)
Sævareid (PDF, 568 kB)
Baldersheim (PDF, 522 kB)
Nordtveitgrend, Lygrepollen, Lukksund (PDF, 624 kB)
Ådland (PDF, 78 kB)

Alle interesserte har høve til å koma uttale til val av vegnamn og skrivemåte for vegnamn i dei aktuelle områda. Ein står fritt til å koma med nye og andre framlegg til namn på dei aktuelle vegane som er namngjevne. Alle forslag og uttaler i saka må vera skriftlege og grunngjevne dersom dei skal verta tekne omsyn til i den vidare sakshandsaminga.
 
Når det gjeld mål, status, adresseringssystem og gjennomføring av arbeidet så vert det synt til eit eige notat: Orientering om adresseringsarbeid 2015 (PDF, 700 kB)
 
Høyringsfrist er måndag 4. mai. Svarbrev skal sendast til Fusa kommune, boks 24, 5649 Eikelandsosen – postkasse@fusa.kommune.no
 
Spørsmål i saka kan rettast til prosjektleiar Jan Egil Leirstein eller kulturleiar Erik Vangsnes.
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 31.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30