Aktuelt frå kommunen
Fotograf: Gerd Syvertsen
Nyutdanna helsefagarbeidarar ved FBBS: Irene, Astrid og Tonje fotograf Gerd Syvertsen
Fotograf: Gerd Syvertsen
Dei nyutdanna vart feira med kake på FBBS fotograf Gerd Syvertsen

Nyutdanna helsefagarbeidarar

Fusa kommune har fått tre nye helsefagarbeidarar i vinter. To av dei gjekk opp til fagprøve som praksiskandidatar, medan ei har gått vanleg lærlingeløp. Alle tre er i arbeid på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). Dette er svært dyktige medarbeidarar og gode kollegaer, skryter einingsleiar Gerd Syvertsen. Fusa kommune gratulerer!

Fusa kommune samarbeider med Fusa vidaregåande skule om utdanning og lærlingeløp innan helsefag. Vi har for tida fem TAF Helse-lærlingar og ein lærling på toårig læretid, og ønskjer nye lærlingar velkommen. For å møta kompetansebehovet i framtida, ser vi at det er viktig å satsa på ungdommar som ønskjer å koma inn i yrket, seier Syvertsen.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 12.04.2012
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30