Nytt mannskap
Fusa ungdomsråd har fått nytt mannskap. Til saman skal det vera 7 utvalsmedlemer. Fusa ungdomsskule er representert ved Marte Ekeberg Klippen og Torbjørn Fosså. Ny frå Fusa vidaregaådne skule i haust er Vegard Fosså. Marthe Samnøen er inne i sitt andre år. Dei to frie representantane vart også vald for 2 år hausten 2014; Sindre Rolland og Kim Andre Nielsen Trengereid.
Kjem nyval frå kommunestyret
Bergfrid Norheim har møtt for Fusa kommunestyre i føregande periode og ho møtte også på første møte etter ferien. Kven som blir ny representant frå kommunestyret for komande 4 år vert først kjend etter konstituering av det nye kommunestyret 22. oktober.
Attval av leiar
Leiar og nestleiar i ungdomsrådet vert vald mellom dei seks ungdomsrepresentantane. Sindre Rolland vart attvald som leiar, medan Vegard Fosså vart ny nestleiar.
500 sider sakspapir
Rådet hadde mange store saker på sakskartet på første møte i haust og mest 500 sider med sakspapir. Du kan lesa meir om sakene frå ungdomsrådet sitt møte på nettsida der alle saksdokument blir lagt ut til offentleg ettersyn og innsyn.