På møte måndag vart Emilie Opheim og Marte Ekeberg Klippen valde til nye frie representantar til ungdomsrådet, med Håkon Markhus som deira vararepresentant.
Dei øvrige som sit i ungdomsrådet er:
Torbjørn Fosså og Maria Åsmul frå Fusa ungdomsskule
Vegard Fosså og Julie Aakre Bratland frå Fusa vidaregåande skule
Helge Mjånes frå Fusa kommunestyre
Vegard Fosså var nestleiar føregåande år og vart ved konstitueringa måndag vald til ny leiar. Julie Aakre Bratland er fersk i ungdomsrådet og vart vald til ny nestleiar.
Jubileumsår
Ungdomsrådet startar no på sitt 10. arbeidsår som permanent rådsorgan for ungdom i Fusa kommune. Sjå eiga infoside om ungdomsrådet. Sakspapira til ungdomsrådet kan du lesa digitalt.