Aktuelt frå kommunen

Nytt kulturskuleår

Kristina på Strandvik oppvekstsenter har sin første pianotime med Eleonora Melnik Larsen. - Klikk for stort bileteKristina på Strandvik oppvekstsenter har sin første pianotime med Eleonora Melnik Larsen. Heidi Baldersheim Fusa kulturskule er i gang med nytt undervisningsår - med både nye elevar og nye undervisningsstader. Nytt i haust er òg "Kulturskuletimen" i SFO. 

Kulturelt ressurssenter

Kulturskulen har om lag 170 ordinære elevar dette skuleåret. I tillegg yter skulen tenester til grunnskulane og det frivillige lagslivet. På den måten lever me opp til målet i Kulturskuleplanen om å vera eit kulturelt ressurssenter i Fusa, seier kulturskulerektor Are Fløisand.

Variert tilbod

Fusa kulturskule har eit variert tilbod om instrumentopplæring. I haust er det sett i gang undervisning på piano, keyboard, slagverk, ukulele, gitarar (el, bass, akustisk), hardingfele og saksofon. I tillegg er det tilbod om danseopplæring.

Undervisningsstader

Undervisningsstadene varierer etter kvar det er elevar. Dette skuleåret har kulturskulen undervisning på alle dei kommunale skulane. 

Pianoundervisning i Strandvik

Ny undervisningsstad i haust er Strandvik oppvekstsenter. "Dette skuleåret starta me opp med pianoundervisning på oppvekstsenteret - fredag 23. august 2013. Det er utruleg kjekt!" seier einingsleiar Heidi Baldersheim. Sju elevar frå 2.-7.kl får pianoundervisning kvar fredag. Dei syns det er stor stas, melder einingsleiaren. Læraren deira er Eleonora Melnik Larsen. Baldersheim rettar ei stor takk til kulturskulen og Eleonora for tilbodet.

Ein glad pianogjeng utanfor skuletrappa saman med kulturskulelærar Eleonora Melnik Larsen. - Klikk for stort bileteEin glad pianogjeng utanfor skuletrappa saman med kulturskulelærar Eleonora Melnik Larsen. Heidi Baldersheim

 

Kulturskuletimen

Det er også sett i gang tilbod om gratis kulturskuletime i SFO ved alle oppvekstsentra. Tilbodet varierer: Strandvik og Nore Fusa har dans med Paul Merkesdal, Fusa har skulekor med Torill Hellebø og Søre Fusa har kunst og handverk med Marit Bergheim Lyhammer. I Eikelandsosen og på Holdhus har dei musikkverkstad/korpsførebuing med høvesvis Lisbeth Sommerstad og Maria Midtrød.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 29.08.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30