Aktuelt frå kommunen

Nytt kulturskuleår 2016-2017

Eventyrleg dans - Klikk for stort bileteEventyrleg dans Kari M. Lyssand, Midtsiden

Kulturskulen for Os og Fusa har mykje spennande på programmet skuleåret 2016-2017. Det vert starta danseklasse i Fusa og det vert arrangert danseworkshops rundtom i kommunen. Elles er det framleis råd å søkja om plass både på dans og instrumentopplæring. 

Skulerute for kulturskulen 2016-2017 (PDF, 190 kB)

Danseklasse og workshops

Vi har fylt opp ein danseklasse på 14 elevar for aldersgruppa 3.-5. klasse. Vi ønskjer òg å oppretta klassar for både eldre og yngre elevar dersom vi får litt fleire søkjarar som er eldre enn 10 år og under 8 år, opplyser rektor for kulturskulen Christian Breistein.

Han fortel vidare at det kjem til å bli arrangert danseworkshops laurdagar ulike stader i Fusa. Dette er ei anledning til å bli kjend med danseopplæringa som kulturskulen tilbyr.

Du kan framleis søkja!

Har du gløymt å søkja om plass i kulturskulen eller kom du akkurat på at du gjerne ville ha lært deg å spela eit instrument? Det er ikkje for seint. Søknadsskjemaet på nettsida til kulturskulen er ope heile året så lenge det er ledige plassar.

I Fusa har kulturskulen ledige plassar på alle instrument vi tilbyr: bassgitar, gitar, keyboard, piano, slagverk og ukulele, opplyser rektor.

Korleis søkjer eg?

Bruk digitalt søknadsskjema på Os kommune si heimeside.

  • Er du alt elev, brukar du lenka for "Eksisterande elevar: Nyregistrering". Dersom du har bytt e-postadresse i det siste, kan du få problem med innlogging. Ta i så fall kontakt med rektor!
  • Er du heilt ny i kulturskulen, brukar du lenka for "Nye elevar: Søk om plass i kulturskulen".

Har du spørsmål eller treng du hjelp til å søkja? Ta kontakt med kulturskulerektor Christian Breistein - tlf. 56 57 52 48 eller 977 77 341. E-post: cbr@os-ho.kommune.no

Skulerute 2016-2017

Last ned eller skriv ut skuleruta for kulturskulen 2016-2017 (PDF, 190 kB). Skuleruta vert justert etter kvart som nye arrangement m.m. kjem til. Du finn oppdatert versjon av skuleruta på kulturskulen si side her på heimesida.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 23.08.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30