Aktuelt frå kommunen

Nytt EM-gull til Anders Mol

Anders Mol på toppen av pallen i U20-EM 2016 - Klikk for stort bileteAnders Mol på toppen av pallen i U20-EM 2016 Anders Berntsen Mol frå Strandvik sikra seg gull for andre år på rad i sandvolleyball-EM for U20 i Antalya i Tyrkia 19. juni. Saman med makker Aleksander Sandlie Sørum slo han Russland i finalen i herreklassen. Fusa kommune gratulerer!

Det norske laget slo Russland 2-0 (25-23, 21-18) i finalen. 

For Anders Berntsen Mol var dette det andre EM-gullet. I fjor vann han saman med fetteren Mathias Berntsen.

Anders Berntsen Mol går siste året på toppidrettstilbodet for volleyball i Sand i Suldal kommune, Rogaland. I år stilte han i EM saman med medelev Aleksander Sandlie Sørum. Dei har spela saman på skulelaget i volleyball, men har berre trena sandvolleyball saman i nokre veker, i følgje nettsida til 2016 CEV U20 Beach Volleyball European Championship.

Til hausten skal Anders Berntsen Mol spela proff-volleyball for ein klubb i Belgia. Det langsiktige målet er OL i Tokyo i 2020.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 20.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30