Aktuelt frå kommunen

Nyopning av turveg mellom Bolstad og Bru

Parti ved Røyndalsvatnet - Klikk for stort bilete

Søndag 29. mai vert det nyopning av turveg mellom Bolstad i Øvre Hålandsdalen og Bru i Strandebarm. For fusingane vert det start frå Bolstad kl 10.00.

 
 

Som ein del av det nasjonale turstiprosjektet har Kvam og Fusa kommunar samarbeida om å rusta opp den gamle ferdslevegen over fjellet. Søndag er det offisiell markering av «nyopninga» av turstien der ordførarane i dei to kommunane vil kasta glans over hendinga. Turlaga i Fusa og Kvam mønstrar sine medlemer til stemnemøte på kommunegrensa i Røyndalen.

To startpunkt

Det vert startpunkt for turfølgje både frå Bru og Bolstad og ein vil gå til møtes ved kommunegrensa, på vestsida av Røyndalsvatnet, like oppom det mange kjenner som Stegen. Det vert avgang frå Nedre Bolstad kl 10.00. Heile turen over fjellet er om lag 8 km. Det er ikkje organisert returtransport frå Bru i Strandebarm så her må ein sjølv ta stilling til kor lang tur ein vil gå, eller sjølv organisera skyss tilbake.
 

Opprustinga

Det er laga nye informasjonsskilt og det er skilta og merka i terrenget, slik at turgjengarane skal finna vegen. På Nedre Bolstad er det etablert ein ny parkeringsplass som turgåarar kan nytta. Dette prosjektet er eit samarbeid med grunneigar og der ein har fått tilskot frå SMIL-midlar frå landbrukskontoret. På kommunegrensa er det sett opp ein turbokkasse der du kan skriva deg inn. Det er laga vandringar på utsette myrstrekningar, men det er best å ha gode fjellstøvlar. Arbeidet ute i felten er gjort på dugnad. I Kvam er det Kvam næringsråd som organiserer turstiprosjektet, medan dette i Fusa vert handtert av kulturkontoret.
 

Ferdsleveg

Stien følgjer delvis ein gamal ferdsleveg mellom Øvre Hålandsdalen og Strandebarm over Bergsenden. Frå gamalt av gjekk det hestedrifter her på veg til Røldals- marknaden og vidare sal på Austlandet. Vegen vart nytta til handelsturar, postombering, konfirmasjonsførebuing, turistferdsle, yrkesærend og personlege ærend. Det var vanleg å gå denne vegen for å handla i butikken på Bru. Før dampskipsferdsla i 1870-åra var dette den raskaste vegen til Bergen frå Strandebarm.
 

Spektakulær sti

Den mest spektakulære delen av turen er på Fusa-sida. I dalen like oppom tunet på nedre Bolstad er det ein imponerande loddrett fjellvegg som «sperrar» dalen. Her kan du enten klatra opp ein bratt sti med to stigar, som vart sett opp i samband med etablering av telegraflina rundt år 1900, eller du kan gå rundt på andre sida av dalen som dels følgjer den gamle buføringsvegen. Vegen rundt er om lag 1,5 km lengre.
 
Oppe i Røyndalen (317 moh) kryssar du grensa til Kvam alt etter 2,2 km gange, ved Røyndalsvatnet. Går du vidare innover dalen kjem du til eit stidele ved Skarsdemma. Her kan du ta av mot stølane på Aksete og fjelltoppen Kråkenos (814 moh). Kråkenos er eit grensefjell til Fusa med flott utsyn mot Hardanger. Frå Skarsdemma ned mot Bru er det god skogsveg. 
 
Du kan sjå foto og kart på ut.no.
 
Turstitavle Bolstad - Klikk for stort bilete
 
 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.05.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30