Aktuelt frå kommunen

Nyopning av Fusa symjehall

Det er bygd ein rampe som lettar tilgangen til bassenget. - Klikk for stort bilete Erik Vangsnes

Laurdag 7. september det open dag og første høve til å prøva Fusa symjehall etter to år med rehabiltering. Det vert gratis inngang for alle nysgjerrige. Du kan bada eller berre sjå deg om. Ordførar Hans Vindenes får æra av å opna bassenget etter storvøla, som har kosta meir enn 8 millionar kroner. 

Ope hus

Det vert ope hus for alle interesserte i tida kl 12-15 laurdag 7. september. Det vert gratis inngang både for dei som vil bada og for dei som berre vil sjå seg om. Det vert òg enkel servering i foajeen.

Modernisering

Bassenget ved skuleanlegga i Eikelandsosen vart teke i bruk i 1986. Etter 25 år var det trong for ei større vøla. Då arbeida tok til på hausten i 2011, vart alle fliser fjern,a og det vart gjort eit omfattande arbeid med å tetta lekkasjar både i tak og golv. Alle overflater er pussa opp. Det bassengtekniske anlegget  er fornya og modernisert.

Nytt

For publikum vil dei merka at ein har fått ein rampe som gjer det enkelt å gå ut i bassenget. Dei minste barna har fått eit minibasseng på bassengkanten, og det er kome separate badstover for kvinner og menn. Dusjar og garderobar har også fått eit løft.

Opningstider

Opningstidene for publikum vert dei same som før:

Tysdag og torsdag: 17.00-21.30
Fredag: 14.00-15.30
Laurdag: 12.00-15.00

Fredagane vert som før med instruksjon i vassgymnastikk.

Lag og organisasjonar som ønskjer å leiga hallen til idrettsskular, symjekurs o.l., kan ta kontakt med kulturkontoret.

Det er svært rimelege prisar på klippekort og årskort. Sjå Prisar (PDF, 412 kB).

Fusa kommune ønskjer nye og tidlegare badegjester velkommen i symjehallen!

Det er kome eit nytt plaskebasseng for dei minste barna. | Fotograf: Erik Vangsnes Det er bygd ein rampe som lettar tilgangen til bassenget. | Fotograf: Erik Vangsnes Ny badevakt i Fusa symjehall: Raul Jesus, opphavleg frå Portugal. | Fotograf: Erik Vangsnes Raul Jesus - ny badevakt og reinhaldar ved Fusa symjehall. | Fotograf: Erik Vangsnes
Svøm langt Vaktmeister Knut Bolstad syner fram det nye tekniske anleggt i Fusa symjehall | Fotograf: Erik Vangsnes

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 06.09.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30