Aktuelt frå kommunen

Nyopning av biblioteket torsdag 1. februar

Illustrasjon av nytt bibliotek - Klikk for stort bilete

Fusa folkebibliotek er blitt som nytt etter ei opprusting ved årskiftet. Torsdag 1. februar kl 16.00 blir det oppgraderte biblioteket markert med kake, kulturinnslag og omvising. Alle bibliotekvener er hjarteleg velkomne.

Etter meir 20 år under same tak har Fusa folkebibliotek fått eit løft med nye hyller, ei strigla mediesamling, friske fargar og nytt innhald.

Dansk design

Alle besøknade vil sjå at det er blitt ei radikal omrokering i lokala. Utforminga har den danske interiørarkitekten Unni Iwanczuk stått for. Resultatet er eit bibiliotek som er blitt som nytt både i design og innhald. Det er ein eigen spelkrok for ungdom med playstation og storskjerm, og i neste omgang vert det ein fleksibel kulturscene for arrangement som t.d. Torsdagsakademiet.

Samarbeid med fylke og stat

Oppgraderinga av folkebiblioteket har vore eit  tett samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek, der ein òg har fått tilskot frå Nasjonalbiblioteket.

Alle nysjerrige er velkomne til nyopninga torsdag 1. februar kl 16.00.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 30.01.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30