Aktuelt frå kommunen

Nye vegnamn i Fusa

Namneskilt for Fusavegen - Klikk for stort bilete

Torsdag 5. mars er det opne møte om adressering og nye vegnamn i Hålandsdalen og søre del av Fusa.

Tid og stad:

  • Holdhus oppvekstsenter torsdag 5. mars kl 18.00
  • Søre Fusa oppvekstsenter torsdag 5. mars kl 20.00

Fusa kommune orienterer denne kvelden om fastsetjing av vegnamn og adresser for Hålandsdalen og søre del av Fusa. Det vert opna for spørsmål og innspel frå publikum. Kanskje har du synspunkt på og idear til aktuelle vegnamn i områda?

Alle interesserte er velkomne.

Prosjektleiar for tredje og siste del av adresseringa i Fusa er plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein. På møta vil Fusa kommune også vera representert med andre fagfelt som kultur og brann/redning.

Målet er at Fusa kommunestyre skal fastsetja nye vegnamn for vegparsellane i Hålandsdalen, Sævareid, Baldersheim, Nordtveitgrend og Lygrepollen innan sommaren 2015.

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 04.03.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30