Aktuelt frå kommunen

Nye Ungdata-resultat frå Fusa

Alkovett-ungdom - Klikk for stort bilete AV-OG-TIL Det er gjennomført ei ny ungdomsundersøking i Fusa kommune i vår i samarbeid med Ungdata og Bergensklinikkene. Resultata skal m.a. nyttast som grunnlagsmateriale i rullering av rusmiddelpolitisk handlingsplan og folkehelserapporten for Fusa.

Samanlikningsgrunnlag

Undersøkinga vert gjennomført i mange kommunar over heile landet, og vart gjennomført i Fusa også i 2011 og 2007.

"Dette gjev gode samanlikningsgrunnlag både for å sjå på utviklinga innad i kommunen og for å samanlikna Fusa med andre kommunar, fylket og landsgjennomsnitt," seier sosialkonsulent Synne Stagrim Håve.

Undersøkinga er gjennomført i 8. klasse, 10. klasse og VG 2, og i 2016 var det 188 fusaungdommar som svara.

Kva fortel undersøkinga?

Synne Stagrim Håve peikar på mange interessante funn som kjem fram i undersøkinga. Her er ein liten smakebit av resultata oppsummert med nokre stikkord: 

  • Fusa ungdommen debuterer seinare med alkohol no enn tidlegare.
  • Ein god del opplever alvorlege og uheldige vanskar med at dei har drukke for mykje alkohol.
  • Det er få ungdommar som røykjer, nokon fleire som snusar.
  • Det kjem fram ein klar samanheng mellom foreldre sine haldningar og reglar rundt alkoholbruk og ungdommane sin alkoholbruk. 
  • Ungdommen ønskjer at foreldre skal henta dei på fest, dei meiner at foreldra er viktige førebilete for barna sine når det gjeld alkoholbruk, og at det er flaut å sjå foreldra fulle.
  • Ungdommane ser meir opp til foreldre enn vener når det gjeld dei fleste arenaer det er spurd etter,(religion, politikk, alkoholbruk, yrkesval osb) - alt bortsett frå klede og musikk. 
  • Ungdommen trivst godt på skulen og er aktive på fritida.
  • Dei kjenner seg trygge i nærmiljøet, men saknar betre kulturtilbod og betre offentleg transporttilbod. 

Sjå sjølv!

Klikk deg inn her og gjer deg opp di eiga meining om resultata.

Uttale frå Fusa ungdomsråd (PDF, 11 kB) til kommunestyret om funna i undersøkinga.

Slik snakkar du med tenåringen din om alkohol

 
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 15.06.2016
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30