Aktuelt frå kommunen

Nye og enklare byggeblankettar

Sakshandsamar Torgeir Berge anbefaler videorettleiinga frå Direktoratet for byggkvalitet. - Klikk for stort bileteSakshandsamar Torgeir Berge anbefaler videorettleiinga frå Direktoratet for byggkvalitet.

Har du planar om eit mindre byggeprosjekt på bustadeigedomen din? No er det kome nye og enklare søknadsskjema frå Direktoratet for byggkvalitet. Dei har òg laga ein filmsnutt som forklarer korleis du søkjer og kva du må tenkja på.

Sakshandsamar Torgeir Berge på byggesak i Fusa kommune anbefalar alle med byggeplanar å ta ein titt på videorettleiinga før dei går i gang. På Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider finn du elles mykje nyttig informasjon og enkle tips som leier deg gjennom søknadsprosessen steg for steg.

Kva kostar sakshandsaminga?

Kommunane tek betaling for å handsama både byggesøknader og dispensasjonar. Prisane vert fastsette av kommunestyret i det årlege budsjettmøtet i desember. Fusa kommune sine gjeldande prisar finn du i gebyrregulativet for 2018 (PDF, 3 MB).

Snarvegar:

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 21.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30