Aktuelt frå kommunen

Nye livreddarar i Eikelandsosen

Heidi og Bjørn Inge med ny livbøye - Klikk for stort bilete

Det er kome på plass tre livsviktige livbøyar ved sjøkanten i Eikelandsosen, frå utløpet av Koldalselva til tømmerkaien på Leiro. 

 
 

Ein livbøye er hengt opp på reinsestasjonsbua ved Bunnpris. Ein heng på reinsestasjonsbua ved sjøkanten nedanfor Kommunetunet. Den tredje er sett opp ved tømmerkaien. Stativet til den siste har brukarane på Trivselstunet snekra og mala i samarbeid med aktivitetskoordinator Heidi Skår Dale på kulturkontoret.

Det var offisiell oppsetting tysdag 14. november. Mange fiskar frå tømmerkaien, og Heidi har i lang tid bekymra seg for at nokon med dårlege symjeferdigheiter skulle ramla uti. Slik det har vore, måtte ein springa langt for å finna noko å hjelpa seg med. Med livbøye på plass kan du lettare hjelpa andre i naud.

Heidi takkar Tryg Forsikring for ei god ”fadder-ordning” og oppmodar andre langs vår langstrakte kyst å gå inn på tryg.no for å få tildelt livbøye der det trengs. Fusa kommune på si side takkar Heidi for eit flott initiativ og gjengen på Trivselstunet for vel utført arbeid.
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 14.11.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30