Aktuelt frå kommunen

Nye byggesaksreglar frå 1. juli

Teikning av hus med garasje, hagebod og gjerde/levegg. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete Randaberg kommune Frå 1. juli vert byggereglane forenkla. Dermed kan du setja i gang ei rekkje byggeprosjekt utan å søkja kommunen om løyve. Dei nye reglane inneber meir fridom og større ansvar for kvar enkelt. Du må sjølv sørgja for at det du ønskjer å byggja er i tråd med lovverket.

 

Ordninga er meint å forenkla prosessane. Frå 1. juli kan du m.a. setja opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng å søkja kommunen om løyve først.
 
Sjekk reglane!
 
Det er tiltakshavar si plikt og ansvar å finna ut om tiltaket er søknadspliktig eller ikkje. Plan- og bygningssjef i Fusa kommune, Jan Egil Leirstein oppmodar folk til å setja seg godt inn i dei nye byggesaksreglane, no når kvar og ein skal vera sin eigen byggesakshandsamar. "Pass på å sjekka reglane skikkeleg. Dette har den enkelte ansvar for sjølv. Her er mange fallgruver," understrekar han, og legg til at det finst mange og gode nettbaserte rettleiarar og hjelpemiddel for å finna ut av ting på eiga hand. Sjå snarvegar nedanfor.
 
Kva må ein tenkja på?
 
Det er mange tilhøve som spelar ei rolle, t.d. reguleringstilhøve, arealstatus i kommuneplanen, avstand til offentleg veg, servituttar (bruksrettar), nabotilhøve, strandsonereglar, kulturminnevern, naturmangfald, geologi/skredfare m.m.
 
Kommunen kan hjelpa med oversikt over planstatus, men har ikkje rettleiingsplikt og skal ikkje svara for om byggeprosjektet er innafor reglane. Dersom det kjem inn ein søknad som ikkje er søknadspliktig, skal ikkje kommunen handsama den. Men det tyder ikkje at kommunen kvalitetssikrar at tiltaket er lovleg. Det skal tiltakshavaren sjølv ha kontroll på, understrekar Leirstein.
 
Dersom kommunen finn at eit tiltak er i strid med reglane, kan kommunen, som før, gje pålegg om riving og gje gebyr for ulovleg bygging.
 
Det er viktig at bygget vert vist på rett stad i kartet. Hugs difor på å gje melding til kommunen for ajourføring av kartet når du går i gang, oppmodar plan- og bygningssjefen. 
 
Sist, men ikkje minst, understrekar Leirstein at det kan vera lurt å snakka med naboen før du går i gang med eit byggeprosjekt: Det er alltid ei føremon å ha gode nabotilhøve.
 
 
Nyttige snarvegar:
Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 01.07.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30