Aktuelt frå kommunen

Nye budsjettutgreiingar

Formannskapet hadde ekstramøte 22.10.2014 for å drøfta arbeidet med budsjett 2015 og økonomiplan 2015-2018. Dei slutta seg til det førebelse innsparingsframlegget frå rådmannen på ca kr 7 mill. Og dei kom med forslag til nye moglege innsparingar, som er sendt over til rådmannen for konsekvensvurdering. Sjå vedtak (PDF, 10 kB).

Auka driftsrammer

Rådmannen sitt førebelse forslag til innsparingar på ca 7 mill. kroner vart presentert, og det fekk formannskapet si støtte. Sjå formannskapet sine føringar i vedtak av 19.09.14 (PDF, 193 kB) i sak 26/14.

Etter innsparingane på 7 mill. kroner har rådmannen ikkje funne dekning for utgifter på til saman 5,6 mill. kroner - fordelt slik:

  • Eining 4 Helse, familie og velferd: kr 1,6 mill
  • Eining 5 Heimetenester: kr 1,5 mill
  • Eining 3 Undervisning: kr 1,9 mill
  • Eining 7 Teknisk drift: kr 0,6 mill
     

Formannskapet vedtok å auka driftsrammene til desse einingane med til saman kr 5,6 mill. Dei vedtok òg at rådmannen ikkje skal levera eit saldert budsjett.

Nye utgreiingar

Formannskapet bad òg om utgreiing av nokre nye moglege tiltak for å auka inntekter og spara. Sjå vedtaket frå møtet (PDF, 10 kB).

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 24.10.2014
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30