Aktuelt frå kommunen

Nye adressenummer til høyring

Vegnummer - Klikk for stort bilete

Arbeidet med adressering av hus i Fusa går mot slutten. Tildelinga av adressenummer i området Hålandsdalen og søre del av Fusa er lagt ut på høyring. Høyringsfristen er 13. juni.

Vegadresser skal berre tildelast bygg som blir brukt til bustad- eller fritidsbustadføremål, næringsverksemd eller annan offentleg verksemd. Adresser vert tildelt per hovudinngang. Landbruksbygg, garasjar, lager, campingvogner/-hytter er døme på einingar som ikkje får ei vegadresse.

Sjekk nettkart

Adressenummer er tilgjengeleg for innsyn i web-kart. Innbyggarar kan no gå inn i planen og sjå kva for veg dei er tilknytta, kva adressenummer dei er tildelt, og om riktig taleiningar er oppretta på bustad/eigedomen. 

Velg kommune - Fusa - i venstre meny. Velg deretter kartlaget "Nye vegadresser på høring". Då flyttar du deg i kartet ved å "klikka og dra" og skrolla deg inn og ut. 
 
Vegnummer kart - Klikk for stort bilete

Første svarte punkt på vegen er teksta med vegnr. Dei neste svarte prikkane viser at dette er hovudtraseen for vegen. Stipla sirkel viser at dette er ikkje-adressert område, dette på grunn av vanskar med teknisk tildeling og veglause område.

Kva kommunen ønskjer

Kommunen ønskjer innspel om:
  •  feil vegtilknyting
  •  det er fleire eller færre einingar i bustaden
  •  det er fleire eller færre bygningar på eigedomen
  •  det er tildelt feil adressenummer
Merk at adressenavn og skrivemåte er vedtatt og er ikkje gjenstand for innspel. Det er to vegnamn (Kjønn og Abotnes) der skrivemåten enno ikkje er endeleg vedtatt av Kartverket.
 

Dokument

Vegnamn vedtatt i Fusa kommunestyre (PDF, 109 kB) 
Skiltplan Eikelandsosen – Mundheimsdalen (PDF, 3 MB)  
Skiltplan Kilen – Tysnes   (PDF, 5 MB)
Skiltplan Lauvfjellet   (PDF, 261 kB)

Logikk bak nummereringa

Frå starten av vegen skal bygningar på høgre side ha oddetallsnummer og bygninger på venstre side ha partallsnummer. Nummereringa stig fortløpande frå første avkøyring med utgangspunkt i at ein kjem reisande frå Eikelandsosen sentrum og er basert på avstandsprinsippet (= 1 nummer pr 10 meter). Husnummer 2500 betyr at det er 25 km frå starten på vegen til bygningen.

Veggnummer illustrasjon - Klikk for stort bilete

Veglause område og øyar er tildelt adresse ut frå tilkomstkai eller frå der stien startar.

 

 

Vidare saksgang

Vedtaksbrev med tildelt adresse vil bli sendt ut etter at innspel frå høyringa er gått igjennom. Vi rår til at publikum ventar med innkjøp av husnummer til vedtaksbrevet er motteke og klagefristen er over. 

 

Høyringsperiode 23.05.17 - 13.06.17

Frist for innspel 13. juni 2017.

Innspel med grunngjeving skal sendast skriftleg per brev til

Fusa kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen  
eller på epost til post@fusa.kommune.no.

 
Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 05.06.2017
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30