To plasstypar
I den nye saka gjer rådmannen framlegg om at det f.o.m. skuleåret 2013-2014 skal vera tilbod om to plasstypar i SFO i Fusa: 60 % (t.o.m. 12 t/v) og 100 % plass. Betalingssatsane er føreslått til kr 1600 og kr 2150 pr mnd.
Sjølvkostprinsippet
I budsjettprosessen i haust bad formannskapet administrasjonen sjå på sjølvkostprinsippet (PDF, 322 kB)for alle kommunale avgifter. I desember vedtok kommunestyret auka brukarbetaling og berre ein betalingssats i SFO. Det vart lagt inn i budsjettet ei forventa auka inntekt på kr 500 000.
Mange oppseiingar
Endringa skulle ta til å gjelda f.o.m. 1. mars 2013 - altså midt i skuleåret. Mange foreldre har vald å seia opp SFO-plassen sin (PDF, 9 kB). Målet om sjølvkost vert difor ikkje nådd - for fleire oppvekstsenter vert resultatet tap.
For få barn
Vedtektene seier at det skal vera minst åtte barn for å kunna gje tilbod om SFO. På nokre oppvekstsenter er det no så få barn på SFO, at det vert vanskeleg å halda fram drifta. Søre Fusa har tre barn etter 1.3.2013, Nore Fusa fem og Holdhus åtte.
Ved Nore Fusa og Søre Fusa oppvekstsenter skal SFO-barna få eit tilbod i samarbeid med barnehagen i vår.
Omgjering av vedtaket?
Einingsleiarane innan oppvekst drøfta situasjonen i eit møte 12.2. Dei ønskjer at vedtaket vert gjort om. Dersom det vert to plasstypar frå hausten 2013, reknar einingsleiarane med høgare SFO-deltaking.
Formannskapet skal ha SFO-saka opp til ny behandling 20. februar og kommunestyret skal fatta endeleg vedtak 5. mars.
Utsett søknadsfrist
Søknadsfristen for SFO-plass for skuleåret 2013-2014 er difor utsett til 8. april.