Aktuelt frå kommunen

Ny pleie- og omsorgseining

Sommar i sansehagen på FBBS. Arkivfoto. - Klikk for stort bileteSommar i sansehagen på FBBS. Arkivfoto.

Frå og med 1. juni er dei to einingane Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) og Heimetenester slått saman til ei administrativ eining. Den nye eininga har fått namnet Pleie og omsorg. Einingsleiar er Gro Elisabeth Almås.

Almås har så langt vore einingsleiar for eining Heimetenester. Ho tek no over leiinga av den nye eininga.

Tidlegare einingsleiar for FBBS Gerd Syvertsen har gått over i pensjonistane sine rekkjer etter 30 år i Fusa kommune. Ho vart heidra med Norges Vel si medalje for lang og tru teneste.

Gro Elisabeth Almås er einingsleiar for Pleie og omsorg. - Klikk for stort bileteGro Elisabeth Almås er einingsleiar for Pleie og omsorg.

Varaordførar Atle Kvåle overrekkjer medalje for lang og tru teneste i Fusa kommune til avtroppande einingsleiar for Fusa bu- og behandlingssenter Gerd Syvertsen. Foto. - Klikk for stort bileteVaraordførar Atle Kvåle overrekkjer medalje for lang og tru teneste i Fusa kommune til avtroppande einingsleiar for Fusa bu- og behandlingssenter Gerd Syvertsen. Foto. Privat

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.06.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30