Aktuelt frå kommunen

Ny leiar på plass i Frivilligsentralen

Bodil Samnøy er ny leiar i Fusa frivilligsentral - Klikk for stort bileteBodil Samnøy er ny leiar i Fusa frivilligsentral EMBV Den nye leiaren i Fusa frivilligsentral, Bodil Samnøy, er på plass i sentralen sine lokale i andre høgda i Fjord'n Senter. Her vert ho å treffa kvardagar kl 9-15. Ho oppmodar folk om å ta kontakt og koma med idear.  

Folkehelse

Bodil Samnøy er utdanna sjukepleiar og kjem frå jobb på Fusa bu- og behandlingssenter, der ho m.a. har arbeidd med rehabilitering og kreftsjukepleie. "No er eg gått over til førebygging," seier ho om overgangen frå sjukeheimen til frivilligsentralen. Ho ser på arbeidet som sentralen driv som viktig folkehelsearbeid.

Brubyggjar

Gode møteplassar og gode møte mellom menneske, som er frivilligsentralane sitt motto, er viktig for trivsel og såleis for folkehelsa. Frivilligsentralen er ein brubyggjar som samarbeider tverrfagleg med kyrkja og kommunen, og med lag og organisasjonar for å leggja til rette for dette, understrekar Bodil Samnøy.

Ta kontakt!

Førebels har den ferske leiaren rikeleg å gjera med å orientera seg i "frivilliglandskapet" og setja seg inn i saker og ting. Ho ønskjer likevel å ha ei opa dør og oppmodar både frivillige og dei som treng ei teneste, til å ta kontakt. Nye idear er alltid velkomne, og så får det visa seg etter kvart kva som kan realiserast. Det er avhengig av dei frivillige.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 04.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30