Aktuelt frå kommunen

Ny landbrukssjef på plass

Landbrukssjef Øystein Svalheim - Klikk for stort bileteLandbrukssjef Øystein Svalheim EMBV Øystein Svalheim tok til i jobben som landbrukssjef og leiar for det interkommunale Bjørnefjorden landbrukskontor måndag 10. juni. Den nye landbrukssjefen har forskarbakgrunn, er dr. scient. frå Universitetet i Tromsø, kjem frå Porsgrunn og hadde ein gong odelsrett til ein gard.

Forskar

Den nye landbrukssjefen har ein solid fagleg bakgrunn. Svalheim tok doktergrad i 1994 i plantefysiologi og sjukdomsforsvar i plantar. Han har arbeidd på forskingssenteret til Norsk Hydro, og har m.a. vore involvert i næringsutviklingsprosjekt innan fiskeoppdrett og konsulentverksemd. Dei siste åra har han vore knytt til BioForsk på Ås. 

For mange år sidan sa han frå seg odelsretten til bestemora sin gard på Austlandet. Han var midt i studia og ikkje klar til å ta over då det vart aktuelt.

Vestlending

Øystein Svalheim har mor frå Bømlo og mykje slekt på Vestlandet. Sommarferiane i oppveksten vart tilbringa i Valevåg. Då jobben som landbrukssjef og leiar for Bjørnefjorden landbrukskontor dukka opp, såg han sjansen til å gjera vestlending av seg. Slekta seier han eigentleg er vestlending av legning! 

Læretid

Den nye landbrukssjefen ser fram til å ta fatt på nye utfordringar og setja teori ut i praksis. Som mangeårig forskar skulle han ha dei beste føresetnader for å setja seg inn i alt det nye som møter han i jobben som leiar for Bjørnefjorden landbrukskontor.

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 10.06.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30