Aktuelt frå kommunen

Ny kunstgrasbane opnar laurdag

Eikelandsosen kunstgrassbane - Klikk for stort bilete

Laurdag 12. september kl 11.00 er det offisiell opning av den nye kunstgrasbanen i Eikelandsosen. Fusa kommune har stått for utbygginga i tett samarbeid med Eikelandsfjorden idrettslag.

Ordførar Hans Vindenes vil stå for den symbolske opninga med klypping av snor. Dette blir ein stor festdag for alle fotballinteresserte fusingar.

Ope for alle
Det er lagt ned eit stort dugnadsarbeid i prosjektet og dugnadsgjengen er sjølvskrivne gjester til opningsfesten. Lokalt næringsliv har kome med viktige bidrag i prosjektet og dei har fått særskild invitasjon. Arrangementet er ope for alle interesserte og nysgjerrige.


Eikelandsfjorden musikklag speler opp til festmusikk slik at det blir ei feiande flott ramme om opninga.

Kamp mot Bergkrystall
Arrangementet blir avrunda med fotballkamp på den nye banen kl 13.00, der Eikelandsfjorden idrettslag sitt seniorlag møter Bergkrystall fotballklubb frå Bergen. Kampen er eit oppgjer i 6. divisjon.
 

Eikelandsosen kunstgrasbane på kveld - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 10.09.2015
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30