Aktuelt frå kommunen

Ny kulturattraksjon i Fusa

 

Fylkesvaraordførar med hammer - Klikk for stort bilete Fredag vart Tønnegarden economuseum på Samnøy offisielt opna av fylkesvaraordførar Mona Hellesnes. Her inviterer familien Gangstø til ei spennande totaloppleving med det tradisjonsrike bøkkarhandverket i fokus. Fusa har fått ein ny attraksjon.

 

 

 

Tønnegarden Familien Gangstø - Klikk for stort bilete Familien Gangstø har laga tretønner i fem generasjonar. Jostein Gangstø meiner det er svært viktig å ta vare på faget, tradisjonen og kulturen knytt til bøkkarhandverket og tønneproduksjonen. No håpar han at dette kan lukkast gjennom etableringa av Tønnegarden economuseum - eit levande museum der formidling av handverk, produksjon og sal går hand i hand.

 

Économusée

Hordaland fylkeskommune har stått for prosjektleiinga. Tønnegarden er det sjette économuseet i Noreg. Ordninga har sitt opphav i Canada, og har spreidd seg til åtte land med finansiering frå EU.

Ordninga gjev drahjelp til marknadsføring og nyskaping, men stiller òg krav til kommersiell berekraft. Det er ein føresetnad for å verta med i ordninga, at verksemda skal vera open for publikum.

 

Mangesysleri

Tønnegarden vert driven av fleire generasjonar: Kari og Jostein Gangstø, sonen Oddvar og svigerdottera Marianne Ødegård Gangstø, og dottera Solveig Gravdal.

Nybygget inneheld verkstad for tønneproduksjon, utstilling, forsamlingslokale, kjøkken, bakaromn og utsal. Her vert det både laga tønner og tønnemøblar og baka brød, lefser, flatbrød og kaker. I tillegg til gardsdrift med mjølkekyr. Og Tønnegarden tilbyr opplevingar og tradisjonsmat i trivelege lokale.

 

Kunstnarsamarbeid

Fusakunstnaren Anja Tveiterås, som tidlegare i år hausta mykje ros for den nyskapande utstillinga si Zooleisna og Bøkking dreams, har samarbeidd med Tønnegarden. Resultatet kan ein sjå både i utstillingslokalet og i utsalshyllene. Her er utstilling av biletkunst og kreative interiørtips som tønnepuff, veggur med "tønnevis av tid", kjøkkenhandkle og krus med overraskande tønnevri.

 

Snarvegar:

 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 17.01.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30