Aktuelt frå kommunen

Ny fleirbruksløkke på Søre Fusa skule

Ny ballbinge - Klikk for stort bilete

Søre Fusa skule har teke i bruk ein splitter ny fleirbruksbane med god hjelp frå nærmiljøet, kommune, idrettslaget og statlege spelemidlar. Her skal det bli alt få ballaktivitet til skeiseis på vinteren, og både skule, barnehage og nærmiljøet har fått ein ny populær aktivitetsarena.

Søre Fusa idrettslag tok i si tid initiativet til å få bygd ein ballbinge på skulen. Fusa kommune overtok stafettpinnen, men av ulike grunnar har det drege ut i tid å få realisert anlegget. Ivrige eldssjeler i nærmiljøet har i haust fått fart på arbeidet med ein god porsjon entusiasme og dugnadsinnsats. No er fleirbruksløkka på plass til stor glede for store og små.

Fusa kommune vil takka både engasjerte foreldre og andre i nærmiljøet for arbeidet som er utført. Idrettslaget har bidrege til finansieringa saman med Fusa kommune og statlege spelemidlar. Gratulerer med eit flott aktivitetsanlegg!

Ballbinge Søre Fusa skule - Klikk for stort bilete

Publisert av Erik Vangsnes. Sist endra 26.11.2018
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30