Aktuelt frå kommunen

Ny brannbil

Ny brannbil - Klikk for stort bileteNy brannbil Egenes brannteknikk AS  Fusa brann og redning kunne sist veke ta i mot den nye brannbilen til Fusa kommune, som skal vera stasjonert hjå Frank Mohn Fusa AS på Venjaneset. Nyebilen er ein viktig del av brannberedskapen både for Fusa kommune og Frank Mohn-bedrifta.

Venjaneset brannstasjon

Brannstasjonen på Venjaneset har eit mannskap på sju, alle med arbeidsplass Frank Mohn, og er ein av to brannstasjonar i Fusa. Hovudbrannstasjonen ligg i Eikelandsosen. I tillegg har Fusa avtale med Kvinnherad kommune/Ølve brannstasjon om brannberedskap for den søre delen av kommunen. Sjå meir om brannberedskapen i Fusa kommune.

Frank Mohn Fusa inngjekk avtale med Fusa kommune om brannberedskap i 1989. I 1993 vart avtalen utvida til også å gjelda oljevern og akutt forureining. Brannbil kom på plass i 2002.

Havari

Det var planlagt å skifta ut den gamle brannbilen, som var ein 1982-modell, i 2014. Fusa kommune hadde sett av kr 2 mill til dette i økonomiplanen. I fjor haust havarerte den gamle brannbilen på Venjaneset. Kommunestyret vedtok difor å framskunda brannbilkjøpet til 2013.

Kompakt brannbil

Den nye brannbilen er flunkande ny: ein MAN TGL 220/33, 2x4 automat 2013-modell levert av Egenes brannteknikk AS direkte frå Rosenbauerfabrikken i Austerrike.

Dette er ein kompakt brannbil med 1000 liters vasstank, brannpumpe og skumanlegg, lysmast og mannskapskabin for 4 røykdykkarar. Den nye brannbilen kortar ned reaksjonstida - og inneheld meir HMS-utstyr. Skumanlegget gjev svært god sløkkjeeffekt med minimal bruk av vatn. Sjå meir informasjon om bilen.

Godt samarbeid

Skumanlegget er kosta av Frank Mohn Fusa AS, som også har sytt for ny brannbilgarasje. Under markeringa på Venjaneset torsdag nytta brannsjef Gunnar Hatlelid høvet til å takka for godt samarbeid med Frank Mohn Fusa AS og for velvilje frå administrasjon og politikarar i Fusa kommune slik at ny brannbil kunne koma på plass så raskt.
 

Publisert av Ella Marie Brekke Vangsnes. Sist endra 22.04.2013
Fusa kommune
Kommunetunet, Leiro 31 Postboks 24
5649 Eikelandsosen
Telefon
: 56 58 01 00

Faks
: 56 58 01 02
Org.nr.
: 964 968 896
Kommunenr.
: 1241
Opningstid
: 09.00-14.30